Di livshistorie er eit viktig dokument- både for di eiga etterslekt og for storsamfunnet. Delte forteljingar og erfaringar frå levd liv er kulturarv. Del di historie!
Hovudprosjekt i utvandraråret:
Di livshistorie er eit viktig dokument- både for di eiga etterslekt og for storsamfunnet. Delte forteljingar og erfaringar frå levd liv er kulturarv. Del di historie!
Høyr og sjå livsminne og -erfaringar frå folk over heile landet. Bruk søkefeltet øvst til høgre på sida til å finne navn, stader, tema. Eller bruk sidekartet. Og: Bli gjerne med på dugnaden!
(Bildet er frå forteljarkveld i Stongfjorden, Askvoll, under prosjekt Vestlandsminne i oktober 2023)
Utvandringsjubiléet "Crossings 200" er ein av to store markeringar i år: Den 4. juli er det to hundre år sidan den 16 meter lange sluppen "Restaurationen" la ut frå Stavanger - og dermed var den organiserte utvandringa frå Noreg i gang. Det store minnesamlingsprosjektet "Migrasjonsminne" skal bygge eit immaterielt kulturminne av personlege og slektshistoriske forteljingar om korleis migrasjonshistoria har påvirka norsk historie på mikronivå. Prosjektet er eit samarbeid mellom Memoar, Landslaget for lokalhistorie, Slekt og data, Tamil Diaspora Arkiv og Rådet for mangfold og integrering. Grunnfinansieringa kjem frå Sparebankstiftelsen DNB.
Hovedtema for neste Memoarkonferanse blir munnleg historie om migrasjon. Utviklinga av prosjekt Migrasjonsminne er svært interessant og hausthalvåret 2025 blir intenst med både vidareføring av intervjuinnsamlingane og større satsing på formidling av funn som er gjort så langt. Vi har kome fram til at konferansen vil bli endå betre dersom an blir flytt til etter den mest intense prosjektperioden, nærare bestemt i fyrste kvartal 2026.
Nærare informasjon om dato og stad og invitasjon til å presentere kjem tidleg i spetember 2025.
26. og 27. august 2024 representerte Bjørn Enes Memoar på møte i «Nettverk for levande kulturarv» – tidlegare IKA-nettverket. Eit viktig punkt på møtet handla om Memoars engasjement for etablering av eit Senter for immateriell kulturarv i Vestland/Bergen. Hans rapport er i Memoar.blog
Neste konferanse bli i fyrste kvartal 2026. Sjå meir om førebuingane på nettsida
Enkelperson: kr. 350/år
Organisasjon: 500/år
Kurs - Konferanse - Webinar Infrastruktur for minnesamling
Bli med å bygge opp munnleg historie som fag og kultursjanger i Noreg!