Di livshistorie er eit viktig dokument- både for di eiga etterslekt og for storsamfunnet. Delte forteljingar og erfaringar frå levd liv er kulturarv. Del di historie!
Høyr og sjå livsminne og -erfaringar frå folk over heile landet. Bruk søkefeltet øvst til høgre på sida til å finne navn, stader, tema. Eller bruk sidekartet. Og: Bli gjerne med på dugnaden!
(Bildet er frå forteljarkveld i Stongfjorden, Askvoll, under prosjekt Vestlandsminne i oktober 2023)
Hovudprosjekt i 2025: Migrasjonsminne
Utvandringsjubiéet "Crossings 200" er ein av to store markeringar i år: Det er to hundre år sidan den organiserte utvandringa tok til med "Restaurationen", Det store minnesamlingsprosjektet "Migrasjonsminne" skal bygge eit immaterielt kulturminne av personlege og slektshistoriske forteljingar om korleis migrasjonsahistoria har arta seg på mikronivå. Munnleg historie er hovudformatet i innsamlinga, men skriftlege minneforteljingar blir også tatt med i samlinga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Memoar, Landslaget for lokalhistorie, Slekt og data, Tamil Diaspora Arkiv og Rådet for mangfold og integrering. Grunnfinansiedringa kjem frå Sparebankstiftelsen DNB.
Memoarkonferansen 2025
Konferansen blri 14. og 15. november. Hovedtema blir munnleg historie om migrasjon. Invitasjon til å preesentere blir sendt ut i desse dagar. Aktuelle tema er prosjektpresentasjonar og kunnskaposdeling av utvandringshistorie, innvandringshistorie, migrasjon i historisk perspektiv, diasporaer i Skandinavia - og skandinaviske diasporaer i USA og andre land.
Dagen før, torsdag 13. november, arbeider vi med programmering av ein fagdag om langtidsarkivering av munnleg historie. MNeir informasjon om dette kjem. Kom gjerne med innspel til programmeringa både av konferansen og fagdagen. Utvikling av arbeidet kan fylgjast på www.memoarkonferansen.no
Memoar og immateriell kulturarv
26. og 27. august 2024 representerte Bjørn Enes Memoar på møte i «Nettverk for levande kulturarv» – tidlegare IKA-nettverket. Eit viktig punkt på møtet handla om Memoars engasjement for etablering av eit Senter for immateriell kulturarev i Vestland/Bergen. Hans rapport er i Memoar.blog
Finn prosjekt
Mange treng frivillige. Finn kontaktinfo på kartet eller skriv til Memoar .
Biografiar
Oral History Society i UK har gjennomført symposium om livshistorieinnsamling
Enkelperson: kr. 350/år
Organisasjon: 500/år
Kurs - Konferanse - Webinar Infrastruktur for minnesamling
Bli med å bygge opp munnleg historie som fag og kultursjanger i Noreg!