Di livshistorie er eit viktig dokument- både for di eiga etterslekt og for storsamfunnet. Delte forteljingar og erfaringar frå levd liv er kulturarv. Del di historie!
Høyr og sjå livsminne og -erfaringar frå folk over heile landet. Bruk søkefeltet øvst til høgre på sida til å finne navn, stader, tema. Eller bruk sidekartet. Og: Bli gjerne med på dugnaden!
(Bildet er frå forteljarkveld i Stongfjorden, Askvoll, under prosjekt Vestlandsminne i oktober 2023)
19/9-24: feiring av OSLOVE:
Fredag 13. september tok feiringa av eit vellukka Oslove-prosjekt til. Då var det stor mottaking i Oslo Rådhus for rundt 300 personar som hadde vore med å gjennomføre prosjektet med å samle inn 400 intervju frå Oslo-borgarar, for å markere 400-årsjubileet til byen. Videoen til venstre er opptak av prosjektleiar Cathrine Hasselberg si opp0summering av eit vellukka prosjekt.
Torsdag 26/9 skjer den offisielle overleveringa til Oslo Byarkiv. Det skjer under opninga av utstillinga "400 Oslohistorier" på Oslo Museum.
Memoar Milestolpe:
“Bevaring” av immateriell kulturarv handlar ikkje om å stoppe kulturutviklinga, men om å gi samtid og ettertid nyanserike augeblikksbilete av korleis dei som tok del i utviklinga hugsa, opplevde og reflekterte på bestemte tidspunkt. Sjå meir om mal for milestolpeprosjekt!
Migrasjonsminne
I august 2024 startar minneinnsamlinga som skal markere utvandrarjubileet
Finn prosjekt
Mange treng frivillige. Finn kontaktinfo på kartet eller skriv til Memoar .
Biografiar
Oral History Society i UK har gjennomført symposium om livshistorieinnsamling
Enkelperson: kr. 350/år
Organisasjon: 500/år
Kurs - Konferanse - Webinar Infrastruktur for minnesamling
Bli med å bygge opp munnleg historie som fag og kultursjanger